søndag 1. juli 2012

Roseduft .

Vi blei møtt av ei sterk roseduft når vi svinga inn på hyttetomta vår denne helga. Det er tidleg i år, Nevada var nesten ferdigblomstra og det var verkeleg i full gang med dei fleste. Alle rosene er sunne og friske, ikkje lus eller åmer som ofte ødlegg plantene. Vi har ikkje brukt noko for å unngå dette, men vi bruker kun naturgjødsel (som vi graver ned) for å få sunne planter.

Ingen kommentarer: